Ei herleg blanding av grønt gras, irande gul løvetann og lysfiolett engkarse, alt saman for tida i litt over normal høgde, set sitt nett no sitt preg på plenen mellom Rådhuset og Sævergen. Det har si forklaring, seier Ingrid Arnevik, formann for grøntavdeling i Stord kommune.
– I kombinasjon med litt sparing av kroner gjennom nokre færre slåtterundar, har me faktisk eit spennande planteforsøk gåande på dette arealet. Ser folk godt etter, vill dei mellom vekstane i plenen finna mange vill-tulipanar. Dei er me spente på korleis vil utvikla seg når alt får gro over litt tid.
– Har kommunen også ein ekstra tanke på arbeidstilhøve for nektarsankande bier?
– Så absolutt, det summar godt mellom blomane på Rådhusplenen om dagane, og dei skal få jobba i fred ei stund til, seier Arnevik til stordront.no.