Gjestearbeidarskatten var ein avgjerande faktor

Stord formannskap samla til budsjettdrøftingar i november 1982: (f.v.) sekretær Frithjof Tvedten, ordførar Werner Hagerup,  Nils Kartveit, Helga Framnes,  Birger Sætrevik, Harald Slettebø,  Liv Nøkling, Ingar Ersland, Johann Belsvik, Reinert Leirvik, Lars P. Almås, Åshild Eriksen – og nærast rådmann Halvard N. Sveen (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: På Stord formannskap sitt møte i november 1982, var budsjettet for 1983 hovudsaka.  Pressa fekk vera med og opna møtet, før dørene vart stengde og politikarane gjekk laus på rådmannen sitt framlegg til pengebruk for «neste år». –

Kvifor ikkje gjera som andre formannskap, reisa vekk nokre dagar til eit hotell og drøfta i ro og mak der?, spurde Sunnhordland sin utsende.

– Me må spara, svarde ordførar Werner Hagerup (KrF), sjølv med gjestearbeidarskatt, ein skatt mange rådmenn nabokommunane kunne tenkt seg litt av.

For å minne om at ein måtte «snu og venda» på kommunale kroner i Stord også for 42 år sidan, tek me med eit avsnitt frå Rådmann Halvard N. Sveen sine budsjettkommentarar for 1983:

«Når det gjeld økonomien kan ikkje rådmannen rå til at ein set i gang bygging av ein skule til rundt 2.0 millionar kroner i 1983 (Tjødnalio). Skatteanslaget for komande år er strekt i «lengste laget» og ein har ingen garanti for gjestearbeidarskatt i år 1984 og 1985. Prosjekt som krev låneopptak  kan første setjast i gang mot slutten av 1984»