Nyttig gjenbruk på biblioteket

I dette skapet på sørveggen, finn du no aviser og tidsskrifter på biblioteket i Kulturhuset. (Foto: Steinar Hystad)

Biblioteksjef Elin Mariboe ser at  den besøkande frå Stordront er  komen i stuss om vegen vidare, når han innom dørene  til  hovudbiblioteket i Kulturhuset ser etter hylla med aviser og tidsskrift – som ikkje lenger er på sin vante plass.  Hylla er rett og slett vekke frå kroken der ei sittegruppe er rigga til for den som vil «lesa seg opp» på nyhende andre skrifter.

– No finn du lesestoffet du søkjer i skapet der, det er berre å opna døra til avisa eller bladet du ønskjer, rettleiar Maribo, og peikar i sørleg retning. Der står ein praktisk skap, med mange lukka rom.

– Dette er gjenbruk frå bibliotek i Bergen,  som var på veg til å bli kasta – men som no er kome til nytte  hos oss. Me har også ein «barnekrok» kor me har fått bruk for andre godt brukande gjenbruksartiklar, kommenterer biblioteksjefen.