Noko mindre optimisme i NAV sin Bedriftsundersøkelse 2024

Marknadsutsiktene til verksemde er litt ned frå i fjor, samstundes som dei fleste melder attende dei vil ha stabile forhold. Nesten 60 prosent melder dei vil gjennomføre kompetansehevande tiltak seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

Sjå videopresentasjon av resultata, med kommentarar frå Tora Myklebyst i Region Sunnhordland, og Anne Karin Fossdal frå Stord kommune, her: BU 2024 Sunnhordaland on Vimeo

Tysdag 7. mai lanserer NAV resultata frå den mest omfattande undersøkinga av arbeidsmarknaden i Noreg. Verksemdene har svart på spørsmål om framtidsutsikter og rekrutteringsbehov.  

Dei nasjonale tala viser at arbeidsgjevarane jamt over er mindre optimistiske i høve utsiktene, at mangelen på arbeidskraft kan vere noko redusert, og at færre verksemder enn i fjor melder å ha rekrutteringsproblem.  

I Sunnhordland melder verksemdene om noko meir lunka marknadsutsikter i år enn i fjor. Andelen som melder dei har hatt rekrutteringsproblem dei siste tre månadane er i Sunnhordland redusert frå 33 prosent i fjor, til berre 17 prosent i år.  
   

Samarbeid er nøkkelen  

– For oss er det viktig å ha gode relasjonar til arbeidsgjevarane for å finne gode løysingar saman, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.   

Han viser til at NAV kan støtte arbeidsgjevarar mellom anna med kvalifisering av aktuelle kandidatar, jobbspesialistar som følger opp både kandidaten og verksemdene, og rettleiing til verksemder som opplever at annonsane deira ikkje lenger gir like mange treff.  

– Krava for å kome inn i arbeidslivet er høge. Saman med arbeidsgjevarane må me finne ein god balanse mellom krav og forventingar på den eine sida, og moglegheitene i arbeidsmarknaden på den andre. Me er avhengige av at enda fleire tek del i arbeidslivet i åra som kjem, seier Lægreid.  

I Sunnhordland melder verksemdene at 38 % treng kandidatar med høgare utdanning og 46 % har behov for å rekruttere nokon med eit fagbrev. Berre 19 % melder dei har behov for å rekruttere ufaglærte.  

Presentasjon av lokale resultat  

NAV region Sunnhordland la fram dei lokale resultata frå bedriftsundersøkinga i dag, tysdag, via eit kort webinar

– Me har fått gode kommentarar kring stoda i regionen frå Tora Myklebust i Region Sunnhordland, samt Anne-Karin Fossdal frå Stord kommune. Oppsummert kjenner dei seg berre att i utfordringane som NAV sin bedriftsundersøking peiker på, og at me må samarbeide meir – NAV, nærings- og samfunnsliv og kommunane – for å kunne best skodd møte dei utfordringane som me allereie står i og som vil vekse i åra som kjem, seier Lægreid.  

Undersøkinga vart gjennomført i februar og mars i år, og i Sunnhordland har 73 prosent av dei utvalde verksemdene svart.