17. mai program for Stord kommune 2024

FELLESARRANGEMENT LEIRVIK

08:00 – Flaggheising ved støtta av Bård Haugland. Stord Musikklag, Leirvik Mannskor og speidarane deltek.
Tale og nedleggjing av krans Liv Kari Eskeland.

Morgontoget går gjennom Leirvik til Døso. Leirvik Mannskor og Stord musikklag går vidare til Stord Sjukehus der dei syng og spelar. Leirvik mannskor syng også på Stord Sjukeheim og på Knutsaåsen.

10:45 – Tale og nedlegging av krans til minne om dei falne ved Stord kyrkje. Tale ved Reinert Svanberg

11:00 – Gudsteneste i Stord kyrkje

15:00 – Borgartoget stiller på torget. Kvart lag stiller under sine faner/merker. Sjå oppstilling og kart bak i programmet.

15:30 – Toget startar (sjå rute bak i programmet).

16:00 – Folkemøte i Parken. Talar for dagen er kommunedirektør i Stord kommune, Tommy Johansen. Leirvik Mannskor syng og Stord Musikklag spelar.


LEIRVIK SKULE

10:00 – Borna møter på skuleplassen

10:15 – Åpning av dagen ved 7. trinn

10:40 – Barnetoget går fra skuleplassen

11:30 – Kafeen på skulen opnar

11:45 – Framvisning av elevar ved skulen

14:00 – Programmet ved skulen er slutt


HYSTAD SKULE

08:00 – Flaggheising

08:50 – Elevane møter på skulen. Oppstilling på idrettsbanen. Appell ved elevar i 7. klasse. Stord Skulekorps spelar

09:30 – Avgang med marsj ned til Stord Sjukehus, forbi legevakten, opp Tysevegen og Håvåsen til Hystad skule

10:00 – Kafé i gymnastikksalen og pølsesal ute ved Stord Skulekorps. Kafé i Hystadhuset og sal av is ute ved 17. mai komiteen 

10:30 – Leikar for borna på idrettsbanen. Vinnaren av det beste innslaget i 17. mai toget vert kunngjort kl 11.30

12:00 – Programmet ved skulen er slutt


LANGELAND SKULE

08:00 – Flaggheising

09:30 – Frammøte ved skulen. Elevane stiller opp. Me syng nasjonalsongen. Appell for dagen ved elevar frå 7. trinn.

09:45 – Toget går. Årets rute går frå skulen via Langelandsvegen, ned Kåreviksvegen, inn Langelandsåsen, ned til Friarkvilet, ut på Hornelandsvegen ned til Kårevikvegen og attende til skulen.
Kiosksal og buffé opnar etter at toget er gått.
Me syng «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Herlege Stordøy».
Elevinnslag.
Konsert ved Langeland skulekorps.
Blomeoverrekking.
Me syng «Norge i rødt, kvitt og blått».
Etter konserten vert det leikar på skuleområdet og på Langelandsbanen

13:00 – Programmet ved skulen er slutt

Neste års 1. trinn vert invitert med i toget under eiga fane (bak vaksenkorpset).
Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå.
Parkeringsplassane ved skulen er sett av til rørslehemma.
Me ber dykk parkera på Heiane eller Vabakkjen.

Betaling med Vipps eller kontant.

17:30 – 17. mai-fest i Horneland bedehus. Tale ved Ingebrigt Sørfonn.


ROMMETVEIT SKULE

08:00 – Flaggheising på Rommetveit skule

11:00 – 17 mai samling i Aulaen
Tale ved Gaute Epland
Fredsdikt av elevar frå 5. trinn
Alle synger «No livnar det i lundar»
Nordbygdo 17. mai-kor og 5. trinn syng:
«Gud signe Noregs land» , «Herlege Stordøy» og «Ja vi elsker»

11:45 – Barnetoget stiller opp i Borggarden. Nordbygdo 17. mai-kor stiller opp i trappa og syng «Gud signe Noregs land» og «Herlege Stordøy»

11:55 – Appell ved representantar frå 7. trinn
Alle syng to vers av «Ja, vi elsker dette landet»
3 x 3 HURRA!

12:10 – Toget går. Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane

12:55 – Toget tilbake ved skuleplassen

13:00 – Leikar på skuleplassen
Kafe i gymsalen
Sal av pølser, brus og is ute på skuleplassen

14:30 – Programmet ved skulen er slutt


FELLES BARNETOG I LITLABØ- OG SAGVÅGSBYGDA

09:45 – Toget stiller opp

10:00 – Toget går

11:00 – Toget stoppar ved Nysæter kyrkje

11:30 – Arrangementa startar på Sagvåg skule og Tjødnalio Skule

11:45 – Arrangementet startar på Litlabø skule


SAGVÅG SKULE

11:30 – Velkommen og helsing i gymsalen, kafeen opnar, leikane startar

12:15 – Elevinnslag: Appell v/ 7. Klasse. Elevane syng to songar. Kunngjering av beste innslag i toget.

12:50 – Leikane sluttar og vinnar av tippeglas vert kunngjort

13:00 – Programmet ved skulen er slutt


LITLABØ SKULE

11:45 – Kafèen opnar, leikane startar og det vert loddsal

13:00 – Underhaldning og loddtrekning i gymsalen

14:00 – Programmet ved skulen er slutt


TJØDNALIO SKULE

11:30 – Arrangementet ved skulen startar. Kaféane opnar

12:00 – Velkomsthelsing
Appell for dagen ved 7. Trinn
Kunngjering av beste innslag i toget
Korpset spelar
Leikane startar

13:30 – Programmet ved skulen er slutt

Me oppmodar foreldra om å stå saman med borna sine under appell og musikkinnslag. Leikane startar etter innslaga.

Kaféane tek betaling med Vipps. Me ber om at flest mogleg nyttar denne betalingsmåten. Om ein ikkje har Vipps kan ein sjølvsagt nytta småpengar i kaféane.

Det er plass til omlag 40 bilar ved skulen/barnehagen. Det er svært viktig at utrykkingskøyretøy skal kunne passera. Det er berre høve til å parkera på oppmerka parkeringsplassar, og ikkje ved rundkøyringa eller langs vegen.


HUGLO SKULE

10:30 – Flaggheising på skuleplassen
Ord for dagen
Korpset spelar

11:00 – Gudsteneste
Tog
Matøkt i gymsalen
Salg av kaker og kaffi
Leikar for små og store

VELKOMMEN!


 
OPPSTILLING BORGARTOGET

1. Politi

2. Ordførar. Hovudtalar. Arrangementsrepresentant

3. Flaggborg

4. Stord Formannsskap/Kommunestyre

5. Stord Musikklag

6. Stord Idrettslag

Rekke 2:

7. Leirvik Mannskor

8. Norsk Folkehjelp Sunnhordland

9. Olsen & Jensen Viseklubb

10. CISV

11. Stordkoret

12. Stord Hestesportslag

13. Stord Røde Kors

14. Stord-Comalapa og IKK

Rekke 3:

14. Stord/Rommetveit Skulekorps

15. Stord Skyttarlag

16. Idrettslaget Solid

17. Idrettslaget Trott

18. Stord Seilforening

19. Stord Undervassklubb

20. Stord Judoklubb

21. Stord Karateklubb

22. Stord Kulturskule

23. Høgskulen på Vestlandet(HVL)

24. Songlaget Stordabuen

25. Stord Ungdomslag/Stord Folkedans

Rekke 4:

26. Langeland Skulekorps

27. Leirvik Bedehus

28. IUF / Stord Petanqueklubb

29. Sundagsskulen

30. Frelsesarmeen

31. Kristkyrkja

32. Internasjonal Kulturklubb

33. Vestefjeldske Revkroklag af 1803

34. Stord Motorcross klubb / RUSSEN