Ventekøen strekte ser forbi Færøysund

Ved Færøysund venta dei for å koma med ferja i Sandvikvåg. (Foto: Steinar Hystad)

Sjølv med fem ferjer i  europavegsambandet til Halhjem og ei i fylkesvegsambandet til Austevoll, vart det for mange i  køen ein  tolmodsprøva å koma seg over om bord søndag ettermiddag og kveld. Trasigast var det nok for austevollsreisande, som vart ståande i langs E39 og ikkje nådde ferja som faktisk hadde ledig dekksplass. Slik vart det også for avkøyring til Fitjar. Her var ein råka av same køproblematikk som når bømlingar blir hefta i kø på Heiane når tunnelen mot fastlandsnoreg er stengt.

Rundt halv åtte søndag kveld  var det fullt  i filene i Sandvikvåg – og venterekkja vidare strekte seg forbi avkøyringa til Fitjar, ned og gjennom Levåg-svingen og vidare sørover godt forbi nedkøyrsla til Færøysund.  Sjeldan «kost» – men så skal det denne søndagen har vore sjeldan stor trafikk.