Mange seier dei er lite nøgde med det offentlege transporttilbodet i Stord. Kommunen treng meir kunnskap om transportbehovet til folk i alle aldrar for å skapa treffsikre ordningar. Me håpar du kan ta nokre minutt til å svara på spørjeundersøkinga. Resultatet av undersøkinga skal nyttast i vurdering av aktuelle saker og som grunnlag for nye prosjekt/satsingar og innspel til Skyss og andre leverandørar. Undersøkinga er anonym.
Skann QR-koden eller bruk denne lenka til spørjeundersøkinga.