93-åringen «skin som ei fela»

M/S Granvin har sin faste plass ved  Holbergkaien, veteranbåtkaien, sentralt i Bergen. Her med Øyvin Konglevoll på dekk. (Foto: Steinar Hystad)

Øyvin Konglevoll, ein av entusiastane i dugnadsgjengen for drift og vedlikehald av  M/S Granvin, var på føremiddagen laurdag igjen klar for ei økt om bord i den «bilførande» fjordabåten som kom i rute på Hardangerfjorden alt i 1931. Båten har fått godt stell og er siste åra godt oppgradert, og «skin mest som ei fele» som det vart sagt om nystrigla båtar.

Laurdagen skulle nyttast til litt attståande måling, før første charterturen denne våren, tysdag 7. mai. Nokre fleire slike oppdrag er komne i avtaleboka, men Konglevoll ristar på hovudet og svarar nei, og diverre på Stordront.no sitt spørsmål om det blir «opne» turar ut frå Leirvik denne sommaren,

– Ingen planar om noko slikt per dato!