Trafikk-knutepunktet Leirvik over i soga

(Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Her er me tilbake til 4. april 1983, som var andre påskedag det året. Biletet er særs forteljande om kva for viktig  knutepunkt Leirvik den gongen var. Slik var det ut april. Frå mai -83 vart  nytt stø på Skjersholmane teke i bruk.

På biletet fire av ferjene som gjekk på Leirvik. «Etne» ved kai, vart også sett i ferjerute for å få unna stor påsketrafikk.