Travel dag på Gruo stasjon

Det blei mange turar inn i fjellet på Litlabø for Gruo-toget 1. mai. (Foto: Steinar Hystad)

Humøret var på topp og godorda sat laust hjå dei vel 1000 som var innom Gruo på Litlabø onsdag – som lukkeleg nok fall saman med  første sommardagen i år. Om det vart ventetid for å koma med  toget frå Gruo Stasjon, så visste passasjerane at det ville ordna seg om litt.  Andre valte å følgja dei guida turane til fots inn i fjellet, der det var gruvedrift i  100 år  – fram til 1968.

Frå 1993  har Venelaget for Gruo jobba anlegget opp til  Unesco-status, og det er det mange som set pris på. Også langt ut over  kommune- og landegrensene. All honnør til  kjempeinnsatsen frå dugnadsgjengen.

På heimesida til Venelaget for Gruo  er programmet for sommaren kunngjort – med start 3. juli.