Ein sparkesykkel, mange bildekk, eitt mopeddekk, nokre mindre presseningar og ei mengde glasflasker.
Igjen vart det «god fangst» for Stord Undervannsklubb sin ryddedugnad under Leirvik gjestehamn. Det var i kveldinga tysdag ein del fridykkarar i klubben var med å henta opp diverse søppel kring gjestebryggene. Mykje bar preg av å ha lege lenge i sjøen – og lukta deretter.
– Godt å få opp skrotet, takk til undervannsklubben for hjelpa, helsar hamnesjef Inge Espenes