God oppslutnad kring 1. mai-markeringa

Grete Wold, SV og Mohamed Kallel  frå LO-Sunnhordland  leia 1. mai toget gjennom Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Til tonar frå Langeland Skulekorps var det eit langt 1. mai som gjekk frå Stord Hotell til samlingsstaden i Borggarden. Fremst gjekk leiar i LO-Sunnhordland, Mohamed Kallel og Grete Wold frå SV, som heldt hovudtalen for dagen.  Endre Olsen stod for den musiske underhaldninga

Kallel takka for godt frammøte og minna om at ein gjennom fellsskap og deltaking hadde nådd mangt delmål – men enno står det kampsaker att for å koma heilt og fullt i mål.

Dagen vart elles markert på tradisjonelt vis med start i gruveparken og nedlegging av blomar ved gruvearbeidarmonumentet.  Her var det appellar  før ein flytta  til Stord Hotell og felles frukost med rikt og godt program. 

I toget gjekk deltakarane under desse parolane:  Arbeid – Velferd – Tryggleik.  Nei til pensjon på anbod – Hald på KLP. Slå ring rundt dei offentlege velferdstenestene. Nei til nedlegging av skular og studietilbod. Det er arbeidslivet som må endrast – ikkje pensjonsalderen. Våpenkvile no – Stopp okkupasjonen – Anerkjenn Palestina.

Godt frammøte til samling i Borggarden. (Foto: Steinar Hystad)