– Kasting på ein av dei beste banar i  landet

Mykje god kasting på stemna i helga. Her deltakarane frå Stord Hesteskoklubbe. (F.V) Hallgeir Westerheim, Viggo Albrigtsen, Annar Westerheim, Per Geir Vatna og Dag Otto Koppang. (Foto: Steinar Hystad)

Stord Hesteskoklubb kasta seg inn i sitt 31. driftsår med å stå som arrangør av Stord Cup (laurdag) og nasjonal NM-Cup (søndag). Vel 20 deltakarar, med  tilreisande frå Ørsta, Jølster og Nordhordland, pluss ein sterk sekstett frå arrangørklubben. Siste åra har kastinga gått føre seg på banen på Vaskriplanet på Litlabø.

– Og den banen vankar det mykje skryt for. Ein av dei beste i landet, vart det sagt av gjestene våre i helga, fortel Per Geir Vatna. Han er framleis like glad i sporten, som då han tok initiativet til skiping av klubben i 1991.  Dag Otto Koppang er for tida leiar i Stord Hesteskoklubb. 

Dei som ønskjer å prøva seg på å få den mest 700 gram tunge hesteskoen til å sveva 10 meter og «krølla» seg rundt stålpålen, er alle hjartans velkomne til Vaskeriplanet onsdagskveldane frå kl. 1800. (ikkje 1. mai)

Norleif Sunde, Jøringfjord Hk vann Stord Cup med 151 poeng, medan Reidar Nepstad, Nordhordland Hk vann den nasjonale cupen i x-kast med 266 poeng.