– «Til trass for tidlegare tiltak, som hyppip bruk av fråvik frå minsteareal og utstskriving av skadefellingsløyve på hjort, opplever me framleis store arealkonfliktar. Skadene på innmarkene våre har ein direkte verknad på den lokale landbruksnæringa.»
Dette skriv Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor i søknad til Miljødirektoratet, om kvotefri jakt på hjortekalv i Fitjar kommune. Vedtak om å senda slik søknad vart teke på eit møte i viltnemnda 23. april i år, og brevet er sendt på vegner av alle hjortevald innom kommunegrensene.
I søknaden blir det vist til vedvarande utfordringar knytt til ein veksande bestand av hjort.