Kommunal nedskjering treng ikkje støtt vera «eit spørsmål om pengar», som skal sparast. Det kan like gjerne vera trong for ei nedskjerande opprydding av meir praktisk slag, og til glede, faktisk. Sjå berre kor fint det er blitt i skogen i den grøne sona mellom Kulturhuset og Vikabrekko. Der, som i skogen elles etter den snørike vinteren, hadde greiner bronta og falle delvis til jorda. Med sag tok tilsette i den grøne kommunale etat affære, og skar vekk nedfallet. Takk for det