Diktaren sa det så kjekt, at han valte seg april – for då tek våren til. Jodå, han gjer jo det, for det grønkast rundt oss og dei grøne fingrane byrjar klø etter å koma i gang på skikkeleg vis i blomebed og kjøkenhage. Men me må visst venta litt, for heller ikkje i dag var den blå strekene på tempmålaren komen stort lenger opp enn til null-punktet. Det er å vona at vervarselet har rett – det fortel at varmen er på veg så det er berre å stålsetja seg.
God helg.
Nokre fyndord om kunsten å vera tagal, kan vera greitt å ta med:
– Den som kan tia, er ikkje lett å setja til veggs. (Dansk)
– Ingenting kan erstatta forstanden, men det er til hjelp å halda munn. (Svenske)
– Her var det tyst, sa mannen, han baud fram kona på auksjon (Norsk)
– Intet svar – er også et svar (Nordisk)
– Nokon tier når dei lid, andre lid når dei tier (Svensk)
Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:
Gemeinsleg = omgjengeleg, liketil
Gjela = kåtleik
Gjø = feita opp
Glima = sterkt skin som er vondt å sjå mot
Gleka = svikta, slå feil.