(Merk: Denne saka er henta frå Stord kommune sine heimesider etter avtale)
I kommunestyret 25.04.2024 var det utdeling av diplom til tre lokale verksemder som har blitt miljøsertifiserte.
Dei tre verksemdene er:
- Engelsen anlegg
- Byggern, avdeling Stord
- Sunnhordland distribusjon
Morten Isdahl Halhjem, frå Engelsen anlegg, Per Morten Marthinussen, frå Byggern avdeling Stord, og Øyvind Havn, frå Sunnhordland distribusjon var tilstades i kommunestyremøtet torsdag 25.04.2024. Dei fekk utdelt blomebukett og diplom frå ordførar Sigbjørn Framnes.
Om sertifiseringa
Stiftinga Miljøfyrtårn står bak sertifiseringsordninga. Målet er at verksemdene skal driva lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.
For å bli sertifiserte må verksemdene møta strenge krav til miljøstandard og rutinar innan tema som:
- arbeidsmiljø
- innkjøp
- energi
- transport
- avfall
- utslepp
- estetikk