Parken, idyllen på toppen av Leirvik, er fjelga og klargjort for ny sesong. Alt arbeid gjort på dugnad av ihuga medlemer av venelaget.
– Står att å beisa dei nyaste benkene, men elles skulle det vera i orden, opplyser mangeårig leiar av laget, Reidar Lunde. Og legg til:
– Så langt er det «booka» to arrangement. Den tradisjonelle ettermiddagssamkoma 17. mai og så blir det Allsong i Parken, under leiing av Lorentz Kanneløning og Øystein Olsen søndag 9. juni, der mellom andre Demenskoret blir med.
– Toalettet som ein gong vart lova til Parken, er det framleis på ventelista?
– Venelaget gjorde ein framstøyt for å få toalett på plass for nokre år sidan, og henta inn kostnadsoverslag. Når det blei snakk om nokre hundre tusen kroner, fann me det lurast å «leggja toalettballen død». I staden har me ved større tilskipingar fått avtale med museet og kommunen som eigar av «leikehytta» om å få opna hjartedører der i «påkomande tilfelle», fortel Lunde til Stordront.no.