Laurdag føremiddag arrangerer elevane ved Stord Folkehøgskule sitt årlege fargeløp i Leirvik sentrum. For ein høvande pengesum kan store og små springa så mange rundar dei orkar rundt skulekvartalet. Det skal vera eit løp å bli farga av, difor er kvit T-skjorte tilrådd som passande drakt. Innkoma frå arrangementet blir delt mellom Leger utan grense og lokallaget for Mental helse.
Fram mot start er 20 vindauge i skuleinternatet (tidlegare Grand Hotell) gøyal arena for fargerikt PR-framstøyt for eit triveleg og nyttig innslag i byen.