Torun Eriksen markerer 20 år som plateartist med nytt album og turné i 2024! Med albumet Fastlandet går ho nye vegar og gjer det meste for første gong: Tekstane er norske; formatet trio; lydlandskapet elektroakustisk; og musikken improvisert og gjennomkomponert side om side, lag på lag og samtidig.
Fredag 26. april klokka 20:00 stoppar dei innom Stord Jazzklubb – som vanleg på Stord Hotell.
Musikalsk makker og bassist Kjetil Dalland vekslar mellom å vera anker og fridykkar med sitt særeigne, utforskande spel. Italienske Alessandra Bossa på piano og live-electronics utvider paletten sonisk og i tid og rom – den eine augeblinken er han dvelande, den neste virvlande virtuos. Gjest Atle Nymo gir albumet ein ny dimensjon med varme og skinande klarinettar. Eriksen si stemme leiar vegen innover, over og gjennom fastlandsterrenget — Fastlandet er historier om å mista. Men også om å ta vare på det ein har mens ein har det: livet, kvarandre, augeblinken. Viktigare enn noko, og likevel så utruleg vanskeleg for oss. Fastlandet er forsøk på å laga ein stad å vera her og no. Fastlandet er Torun Eriksen sitt sjuande soloalbum på Jazzland Recordings. Albumet kjem i mars 2024 med påfølgjande turné.
Torun Eriksen Kvartett:
Torun Eriksen – vokal
Alessandra Basso – piano, live-electronics
Atle Nymo – klarinettar
Kjetil Dalland – bass