– Sjølv på Huglo går det ann å køyra feil, skilt med vegnamn vil vera til hjelp.
Dette skriv Huglo Bygdelag i brev til vegmyndet i Stord kommune. Bygdelaget er kjent med at slike namneskilt er eit kommunalt ansvar og har lista opp 12 lokalvegar av ymsande lengde som bør bli skilta. I krysset ved skulen/bedehuset er endepunkta på dei ni kilometrane med fylkesveg på øya skilta av vegeigar Vestland fylke. Dette gjeld Haukanes, Brandvik og Tveit.
Huglo Bygdalag ber om namneskilt for følgjande vegar: Nordhuglo, Granlio, Berrføttevegen, Hommandevegen, Luradalen, Røssbø, Stora Brandvik, Haukanesvegen, Sørhuglo, Lauvåsvegen og Tveit.