Rotary-aksjon for utrydding av polio

Stord Rotaryklubb er ein av 35000 klubber i verda som arbeider for å nedkjempe sjukdomen polio. I samband med dette skal me ha ein innsamlingsaksjon med stand på Amfi, heiane Storsenter og Sagvåg laurdag 27.april

Bakgrunn
Årsaka til denne sjukdommen er eit virus som gjer at ein vert lam. Sjukdommen kan ikkje behandlast, men ein kan førebyggje sjukdommen med vaksine. Før vaksinen kom i 1954 var denne sjukdommen eit problem også i Noreg.

Bekjemping av sjukdommen
I 1979 deltok Rotary med vaksinasjon av 6 millionar born på Filipinane. Erfaringane derifrå var så gode at Rotary, saman med WHO (Verdas helseorganisasjon), UNICEF  (FNs barneorganisasjon) og CDC (Amerikanske folkehelseinstituttet ) 10 år seinare vedtok å forplikte seg til å utrydde denne sjukdommen. Det var då 350.000 tilfelle kvart år i meir enn 135 land.

Etter dette har omfattande vaksinasjonskampanjar ført til at det lenge berre var tre land som hadde utbrot av  sjukdommen, (Nigeria, Afghanistan og Pakistan) . I 2020 var det eit år sidan siste tilfelle i Nigeria, og Afrika vart erklært fri for polio. I dag er det  Afghanistan og Pakistan som har sjukdommen. Utfordringa her er manglande tryggleik i grenseområdet mellom disse to landa, noko  som gjer det vanskeleg å nå fram til alle born som bør vaksinerast.

Resultat
Likevel er ein i ferd med å lukkast også her. I 2023 var det berre 12 tilfelle ( 6 i Pakistan og 6 i Afghanistan). Dette gjev grunn til optimisme, men det er viktig at kampen mot polio held fram.

Dersom ein ikkje lukkast i dette arbeidet og sluttar med å vaksinere, er det grunn til å frykte at sjukdommen vil komme tilbake og krevje 200000 offer kvart år om 10 år fram i tid. Derfor vil Stord Rotaryklubb halde fram med å støtte arbeidet mot Polio. Årets innsamlingsaksjon vert laurdag 27/4 i samband med FN si internasjonale veke for vaksinasjon og vi vil med dette oppmode stordabuen  til å støtte oss i dette arbeidet

Til saman er 2, 5 milliardar born vaksinert mot Polio disse åra.

Du kan lese meir om dette på http://www.endpolionow.org
VIPPS 660514 (Prosjektkonto Stord RK) Bank: 3520.43.02551

Stord Rotaryklubb.

Bilete

Fra forrige innsamlingsaksjon  til kampen mot polio. Arne Oftedal og John Levi Jørgensen frå Stord Rotaryklubb. ( Foto: Privat)