Folkehøgskulen på Knivkurs

Bak frå venstre: Finn Størkson, Wilfred Sætre, ass. Rektor Irene Fatland og Nils Olav Hystad. Foran frå venstre: Eduardo L. Chua Jr., Simen Langseth, Bartosz Lejman, Susanne Sortland Lohne, Sigrid Aabø Møretrø og Jonathan Mandt. (Foto: Svein A. Birkeland.)

Seks studentar frå Stord Folkehøgskule har siste par månader gått på kurs hos Stord Knivklubb. Dei ønska knivlaging som valfag, og har såleis møtt i lokalet til Knivklubben på Litlabø. Der har sekstetten fått kunnig rettleiing til å laga skaft til knivbladet og, ikkje minst – skore ut og sy slire som bør passe kniven.

Dyktige instruktørar har vore Finn Størkson, Wilfred Sætre og Nils Olav Hystad, alle æresmedlemmer av Knivklubben.

Fredag var siste kursdag og ass. rektor på folkehøgskulen, Irene Fatland, kom på vitjing då studentane fekk diplom for vel gjennomført kurs. Kurshaldarane kunne fortelja rektoren om læreviljuge og dyktige elevar, noko som og resultata viste i form av flotte knivar.

For to år sidan hadde Stord Knivklubb kurs for Bømlo Folkehøgskule. Klubben hadde kurs for andre interesserte forrige vinter, og fekk med det fleire nye medlemmer, og er no oppunder 50 i talet.

Flott resultat etter kurset. (foto: Svein A Birkeland