Det beste skussmål til «ei ekte gruve»

Velnøgde geologistudentar klare for heimerei etter gode dagar på Litlabø. Ivar Hellaland  frå venelaget (t.h.) ser ungdomane vel av garde.  (Foto: Svein A. Birkeland)

Fire dagar forrige veke var det høg studieaktivitet i og kring gruvene på Litlabø. I gruvegangar (stollane)  inni fjellet, i tårnet og heishuset og  elles på anlegget hadde 60 geologistudentar med lærarkrefter interessante dagar.  Studentane var delte i to gruppe, og etter kvart som dei oppdaga dei mange kvalitetar  Venelaget  for Gruo har lagt til rette for, vart det mange god takkens ord å høyra frå imponerte  ungdomar.

Berre det å få oppleva ei «ekte gruve», og kunna sanka prøvar frå nokre av dei 14 ulike mineralane som er registrerte i Gruo, var ei oppleving å føra inn i plussmargen.  Eit par geologistudentar ved UIB har teke master  etter opphalda på Litlabø.

– Gilde ungdomar og kjekt  for oss i dugnadsgjengen å høyra at det me har arbeidd for mange år  får gode skussmål  også frå  yngre generasjonar.  Det gir inspirasjon i den vidare drift, seier senior i venelaget, Ivar Helleland, om studiesamarbeidet med Universitetet.  Det same gjer det faktum at  Gruo på Litlabø har fått Unesco-status.

Tradsjonen tru, blir det  «open dag»  dag i  Gruo 1. mai, med togtur inn i  fjellet, med vandring i tårnet og anna kjekt. Alle hjartans velkomne, seier Ivar Helland.