Men ingen skilt som varslar

Ikkje ønskjeleg med mykje folk på tredelen av ferjekaien, men det er det ingen oppslag som varslar om. (Foto: Steinar Hystad)

Før påske var entreprenør på Nordhuglo og reinska tredelen av ferjekaien for utemøblar. Benker og bord og blomekassar vart plassert på «fast grunn» rundt treverket. Informasjonen var så godt som fråverande og huglarar og reisande undra seg over tiltaket.

Når stordront.no spurde seg føre hjå Vestland fylkeskommune, eigar av ferjekaien, vart det opplyst at tredelen av kaien er i tilstand der ein ikkje ønskjer større samling folk utpå samstundes. Det vart også opplyst at det ikkje er midlar til å gjera større oppgraderingstiltak no. Ein liten måand har alt passert sidan møbelflyttinga og – enno er det ikkje komne opp skilt med i aktuell informasjon for kai og tilstand.