Sveisar røyra som gi sikrare vassforsyning

Håkon Brandvik ved apparatet som sveisar røyrane som skal  inn i fjellet ved Vaulane. Diameteren er 63 centimeter.  (Foto: Steinar Hystad)

Planane var å leggja dei nye røyrane frå Vaulane ned mot Lundsseter kraftstasjon i tunnel, men det sa fjellet sjølv nei til. Berget viste seg å vera av ein kvalitet som ikkje var i bora i. Løysing vart å leggja storparten av dei nye vassrøyra i grøft og følgja vegen nedover. Dei første 130 metrane må likevel gå i tunnel i fjellet nedom demningen i Vaulane. For tida er firma Brandvik AS i full gang med å sveisa denne røyrlengda.

– Når tunnel er klar, skal heile røyret heiast opp i Vaulane og treast i fjellet derfrå, opplyser Håkon Brandvik til stordront.no.  

Røyret skal inn i fjellet til venstre. (Foto: Steinar Hystad)

Politikarane i Utval for byutvikling, fekk på sist møte informasjon frå einingsleiar  Arne Bjelland i teknisk teneste, om at ein har sett i gang tapping av inntaksdammen i Vaulane og at  det kommunale vatnet vårt ei tid framover skal renna mot reinsestasjonen i sitt naturelge leie  via open elv.  Det  skal i denne perioden  setjast på ekstra reinsing.

Legging av nye vassrøyr er eit tiltak for å sikra forsyninga av godt drikkevatn.  Tysevassdraget vart teke i bruk som kommunalt vassverk i 1983.

Fossar godt i elva når inntaksdammen vert tappa ned. (Foto: Steinar Hystad)