Med fem (fleirtalskoalisjonen Frp, H og Krf) mot fire (Ap og SV) røyster innstiller Stord formannskap på slikt endeleg vedtak når «nedskjeringssaka» for å redusera pengebruken resten av året skal til behandling i kommunestyret:
1. Kommunestyret vedtek fordeling av dei kr. 17 940 000 med følgjande endringar:
- Kommunestyret bed om at måndag- og onsdagsklubben vert vidareført I henhald til vedtak I budsjett for 2024 á kr. 137 000,-
- Kommunestyret bed om at aktivitørstillinga ved Stord sjukeheim vert vidareført I henhald til vedtak I budsjett for 2024 á kr. 150 000,-
- Innsparing skule á kr. 1 500 000,- vert å koma tilbake til når endeleg skulebruksplan er vedteken
- Samla nedtrekk I drift vert kr. 16 153 000,-.
2. Kommunestyret bed kommunedirektøren halda fram arbeidet med organisasjonelle og strukturelle endringar for å effektivisera og forbetra drifta av kommunen