Det blir forklart så mangt…

«Skademeldingar i utval» er tittelen på ei lita bok me har kikka i på sein kveldstid, og fasiten er at det er mangt  som blir forklart på spesielt vis etter uhell i trafikken. Eit par døme kan få fram smilet:

«La me tilføye at det ikke er skikkelig oppmerking inne på plassen. Det kjøres som regel i alle retninger, noe jeg også gjorde»

Ei anna melding om parkeringstrøbbel:

«Undertegnede spurte føreren av kjøretøy A om han ikke så meg komme, men han svarte at han hadde prioritert å se etter en ledig parkeringsplass»

God ordtak kan ein såleis har bruk for. Her nokre døme:

  • I draumen kan ein vera svært rik, utan at det kostar noko (Svensk)
  • Lang natt og dårleg svevn, passar dårleg saman (Norsk)
  • Den som ikkje har nattro, den har ikkje dagen go’ (Norsk)
  • Når ein strekkjer seg, ser ein kor lang dyna er (Norden)
  • Sveven er drukken manns medisin (Dansk)

Så heidrar med ord på veg ut av stor’a-målet alt for 50 år sidan:

  • Gaupna seg = eta snart og grådigt
  • Gadd = stå heilt roleg, ikkje lea seg
  • Gandapose = hissig, arg gutunge
  • Gaspa = prata tøys, ha det moro
  • Gasta = noko stort, sterkt, godt