Miljømålet er at det skal bli overgang frå bensin- og dieseldrivne motorar til elektriske motorar også på sjøvegane. Leirvik gjestehamn i Evjo er om ganske kort tid klar til å ta imot båtgjester som treng straum som drivstoff til framdrifta. Fire landepunkt/pålar er komne på plass – to på Notahaugskaien og to på neste inste gjestekai. For bil er det kome fire landepunkt langs parkeringa ved Kystbuss-terminalen. Tett ved står trafoen som ordnar el-forsyninga og kiosk for betaling av straum. Det er verksemda Plug som står for investeringa.