Stubbemannen under fjellet

Stubbemann (Foto: Steinar Hystad)

Har du litt fantasi, ja, då er det på vegen inn mot Lundarstøl du kan treffa på stubbemannen. Han sit  lett luta framover i ein skråning nokre meter frå veggrusen. Ein tagal skapning, helst, så  det er slett ikkje sikkert at han helsar tilbake om du nikka «tjomsleg» når du er framom.