Stord Knivklubb til Ølensvåg

Olav Granberg  (t.h.) informerer gjestene frå Stord Knivklubb  (Foto: Bjørn Helle)

Sist fredag var klubben som held til i Snekkerverkstaden i Gruo på Litlabø, på tur til Ølensvåg. 12 av medlemmene hadde samla seg i bilar for å få omvisning i landets einaste garveri:   Granberg Garveri, med omlag 40 årsverk.

Her tok Olav Granberg, 2. generasjon av eigarane, i mot og viste prosessen gjennom produksjonen. Garveriet tar imot skinn frå alle dyr på 4 bein frå inn- og utland, ja faktisk er det einaste garveri i Norden i dag. Firmaet har ståande containarar på dei fleste større slaktestader i Norge og frakter så det heile inn til Ølensvåg. Vanlegvis ei mengde på omlag 70.000 skinn vert behandla og til jobben går det årleg med 75 tonn salt.

Etter omvisninga vart det kaffi og noko attåt og sjølvsagt handel i utsalet deira. Det er alltid noko forbruksmateriell som knivfolket har trong for. M.a. er det her klubben kjøper skinn til slireproduksjonen.

Før returen til Stord hadde medlemmene middag på Etne Camping. Så alt i alt nok ein vellukka tur for desse godt vaksne karane.

Birk.