Stord Bondelag, Huglo bondelag og Stord sau og geitealslag sende tidlegare i år sterk oppmoding til den politiske leiing i kommunen om å sjå opp att på vedtaket om å trø ut av landbrukssamarbeidet med Fitjar kommune. Utmeldinga vart vedteken som ein del av budsjettvedtaket for 2024, og skal gjelda frå 1. januar for 2025.
Til aprilmøtet i Stord formannskap har Hilde Hauglid (SV) meldt interpellasjon kring same emnet. Ho viser til at fleirtalskoalisjonen gjorde vedtaket sitt etter benkeforslag i møtet, og utan noko form for konsekvensutgreiing.
– Arbeidsoppgåver under Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor er areal- og viltforvalting, tilskot og erstatning for bønder, forvalting av skog og utmark og natur og miljøspørsmål. Når kommunen no arbeider med nedskjeringar på mange område, vert det opplyst kva konsekvensar
dette vil ha for dei ulike områda.
– Ei eventuell avslutting av samarbeidet om landbruks- og miljøkontoret bør vedtakast etter grundige vurderingar av konsekvensane vert belyst. Kan formannskapet sameinast om eit vedtak som sikrar ei ny og grundig saksbehandling i denne saka, spør Haugli.