Vinst frå lysløypa.

På biletet får Mykita overrekt diplom og gåvekort frå styremedlem i skigruppa, Odd Stuve Rommetveit.

Stordski har i fleire vintrar hatt ei innskrivingsbok i postkassen i Lysløypa ved Fjellstova. Der kan alle løypebrukarar skriva seg inn, og såleis få sjangsen til å bli trekt ut som ein av tre vinnarar av eit gåvekort på kr 400,-.

Av alle som skreiv seg inn frå siste veka i november til mars i år vart desse trekte ut:  Wenke Åse, Sandra Mjelva og Mykita frå Ukraina.  

Mykita går i innføringsklassen på Langeland skule.  Læraren der, Arild Andersen, tar kvar vinter med seg klassen på fleire turar til fjells. Han gir kjempestor ros til skigruppa for flotte løyper.