– Me snakkar tverrsambandet fram der me kan

Det nye  tverrsambandet er planlagt frå ny rundkøyring på Ådlandsvegen til ny rundkøyring  på Fv 544 i Sæ.

Det kunne godt har blitt føydd til eit «endeleg», då eit samrøystes Utval for byutvikling torsdag godkjende  områdeplanen for Frugarden.  Dette har nemleg vore eit langdryga sak, med ei rekkje motsegner å ta omsyn til undervegs. Sju år har det teke, men no er både grunneigar og kommune og fylke nøgde med løysinga som skal gje ny  prosesjonsveg, ny gravplass, nye bustatomter og mogleg tomt til  nytt kyrkjelydshus.

Og ikkje minst; – nytt veg (tverrsamband)  frå krysset Ådlandsvegen/Tysevegen  med bru over  Frugardselva til møte med fylkesvegen i øvre Sæ.  Her er  fylkeskommunen byggherre, utan at vegen har fått noko prioritet i  Vestlands fylke sin planar så langt.  Kva gjer kommunen med det?

– Me nyttar alle høve til å snakka dette viktige tverrsambandet fram der me kan. Første målet er å få vegen inn på handlingsplanen for  regional transportplan.  Den skal til behandling alt neste månad, så me må henga i, svarar ordførar  Sigbjørn Framnes.