Fullt og heilt etter «skiltboka»

Korrekt etter boka: I krysset Skyttarhaugevegen blir 30-sona for Ådlandsfeltet oppheva – medan 30 km/t skiltet gjeld på Ådlandsvegen. (Foto: Steinar Hystad)

Stordront.no stilte sist veke spørsmål kring skiltet  i nedre enden av Skyttarhaugsvegen på Ådland, som viser oppheving av 30-sone – sjølv om ein køyrer ut i Ådlandsvegen som på staden er skilta til 30 km/t.  Kan dette vera etter skiltboka, spurde Stordront.no.

– Ja, svarar Anne Randi Naurstad, vegmynde i Stord kommune.

Ho viser til korrespondanse med Statens vegvesen i saka, som viser at det er eit klart skilje mellom  farts-sone og lovleg fartsgrense. Heile Ådlandsfeltet er ei 30-sone; og då lyd regelen:

«Sonen skal ha en rimelig størrelse og avgrenses slik at ingen bolig eller virksomhet har lengre kjøreavstand enn 800 meter langs den mest hensiktsmessig veg ut av sonen». 

Vegvesenet har målt og påpeikar i skriv til Stord kommune at det frå området  Gardshaugen til enden av Skyttarhaugsvegen er over 800 meter og at sona såleis må opphøyra ved krysset – sjølv om ein køyrer vidare inn på 30 km/t strekning på Ådlandsvegen.