Frå Kristenrett til Landlov

Pressefoto, Jørn Øyrehagen Sunde

I år er det 1000 års jubileum for Kristenretten på Moster og 750 års jubileum for Magnus Lagabøte si landlov. I samband med dette arrangerer Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek eit seminar med rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde. Det skjer på hovudbiblioteket i Stord kulturhus tysdag 23. april klokka 19.00.

Jørn Øyrehagen Sunde er i tillegg til å vere rettshistorikar ein strålande formidlar. Han vil snakka om korleis Noreg gjek frå å vere eit viking- og ættesamfunn i retning av ein moderne rettsstat. Kva verdiar og impulser kom frå Kristenretten på Moster? Korleis synte dette seg i Landlova av 1274, og kva følgjer har det fått for samfunnet vårt?

Øyrehagen Sunde har skrive ei bok i samban med jubileet for landslova. «Kongen, lova og landet» som ein kan få kjøpt denne kvelden. Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Arrangementet kostar 150 kroner og billettar er å få kjøpt i skranken på biblioteket – med kort, Vipps eller kontanter.