Planar klare for fortau her

Trafikken til Kattatveit og Knusaåsen er aukande og fortau er sakna dagleg. (Foto: Steinar Hystad)

Ny sjukeheim er planlagt i Knutsaåsen, og i  den samanheng vonar  tekniske tenester i  kommunen å få gjennomført eit større veg, vatn og avløpsprosjekt.  Frå krysset mot fylkesveg 544 i Sæ opp til møtet med E39 på Kattatveit skal det byggjast  fortau langs «gamle» Litlabøvegen.

Når gravearbeid er i gang, nyttar ein høvet til å leggja nye leidningar for vassforsyning og avløp i grunnen.  Eit høve til gjennomføring, ein har venta på i 13 år, vart det opplyst i møtet til Utval for byutvikling torsdag.  

Tom Knudsen (H) spurde om mogleik for å laga ei avkøyring frå E39  til Kattatveit/Knutsaåsen, sidan det er snakk om kortaste vegen. Svaret var at  det toget nok var gått.