– Følgjer det kontrollar med nyskiltinga?

Med skilt i kvar ende, blir det varsla stengt for gjennomkøyring i det smalaste partiet på Ådlandsvegen.  (Foto: Steinar Hystad)

I krysset  mot E39 og Vestlivegen er skiltet som stenger Ådlandsvegen for gjennomkøyring kome på plass, det same like oppom krysset mot Skyttarhaugsvegen i andre enden den smale strekningen. Nyskiltinga vart kommentert i  møtet i Utval for byutvikling torsdag, med påfølgjande spørsmål om gjennomkøyringsforbodet ville bli følgt opp med kontrollar.

– Den kontrollerande delen av skilting og den slags er det politiet som tek seg av, me har ikkje bede om noko ekstra tiltak i den leid, seier  Anne Randi Naurstad, kommunalt vegmynde i Stord.  Ho håpar  bilistane respekterer det nye køyremønsteret.

Hjå Stord lensmannskontor blir det opplyst at ein vil har eit kontrollerande blikk mot Ådlandsvegen, på same vis som til andre strekningar.