Det er så mangt ein kan gløyma: – Som til dømes ein sekk sand, på perrongen på haldeplassen for Kystbussen på Leirvik kai.
Sekken har lege på sin plass veke eter veke, like sidan halvmeteren med nysnø la seg over tidlegare i år og skapte køyrevanskar på glatt underlag. Sandsekken i plast var i si tida innpakka i (jute?)sekk, som er blitt liggjande ved sida. Det er vel på høg tid at sekken blir plassert på høvande lager for å vera klar til ballastjobb når det igjen vintrast.