Postkasse for vestlandsvèr

Postvernande byggverk (Foto: Steinar Hystad)

Med mønevern, takstein, renna med eige nedløp i tilfelle regn og vernande leveger i tilfelle sterk sidevind – må vel denne konstruksjonen seiast å vera eit krondøme på  postkasse for (normalt) vestlandsvèr.  Her kan det ikkje bli våt post. Fanga av mobillinsa ved ein sideveg på Goddo i Bømlo.