På veg ned og ut av Skyttarhaugsvegen, eit par meter før krysset mot Ådlandsvegen, står skilta som opphevar 30-sona i Ådlandsfeltet. Brukar av nemnde vegnett undrar seg på om skiltinga her er heilt etter boka. For, når ein forlet Skyttarhaugsvegen og svingar ut på Ådlandsvegen, er ein framleis i 30-sone. Den varer til møtet med eit 50-skilt like før krysset mot Tysevegen.