Førebur nye anbodskontraktar for båtruter i Hordaland

Siste tida har det vore vanleg å sjå fem snøggbåtar til kai i Leirvik. Tre av dei i rute, to til oppgradering hjå Oma Slipp. (Foto: Steinar Hystad)

Dei reisande skal ha eit føreseieleg og driftssikkert tilbod som er tilpassa reisebehov og gir moglegheit til å reise kollektivt i kvardagen. Det vedtok fylkesutvalet 4. april i saka om nye anbodskontraktar på båtruter. Det skriv Vestland fylkeskommune på sine heimesider. Les resten av saka her:

– Båtrutene bind saman fylket vårt og vi jobbar heile tida for å gi eit best mogleg tilbod til innbyggjarane våre. Vi skal sørge for at vi har eit godt rutetilbod i hele Vestland, samstundes som vi kuttar utslepp, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Engasjementet var stort då politikarane i fylkesutvalet diskuterte strategiske føringar og rammer rundt nye båtkontraktar for Hordaland-delen av fylket.
Dagens båtkontraktar for ni båtruter i Hordaland går ut i 2026 og 2027. Desse kontraktane omfattar hurtigbåtrutene mellom Bergen og Sunnhordland, Bergen og Rosendal og fleire lokale båtruter langs kysten. Båtrutene er i dag fordelte på seks kontraktar.

Skyss førebur no nye konkurransar om drift av båtrutene i den neste kontraktsperioden, og det går føre seg ei utgreiing av rutetilbodet.

Mål om nullutslepp 

Vestland fylkeskommune har som mål å vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Krav om nullutslepp kan for nokre av båtrutene vere krevjande å få til med dagens tilgjengelege teknologi. Marknadsdialog og vidare utgreiing vil gje føringar for utforming av konkurransegrunnlaget. 

– Det er framleis usikkert om det vert innført eit krav om nullutslepp for hurtigbåt. Her er vi heilt avhengig av å sjå korleis staten vil kompensere for meirkostnadane. Fylkeskommunen må i alle høve vektlegge miljø i konkurransen, i tråd med anskaffingsforskrifta, seier Askeland.

Kommunar og operatørar vert involverte

Førebuingane involverer viktige interessentar som kommunar og operatørar. Hovudutval for samferdsel og mobilitet vedtok 17. januar 2024 å sende saka til avgrensa høyring til alle kommunar som er ein del av anbodet.
Før konkurransane vert kunngjort, skal det bli lagt fram nye politiske saker om konkurransegrunnlaget og forslag til vedtak om mandat for kunngjering og gjennomføring av konkurransane.

Fylkesutvalet vedtok følgjande:

1. Vestland fylkeskommune skal satse vidare på dei viktige båtsambanda som bind fylket vårt saman. Nye båtkontraktar i Hordaland skal tre i kraft i juni og oktober 2026, og i desember 2027. I vidare arbeid med utgreiing for dei nye kontraktane vil følgjande bli lagt til grunn:

  • Dei reisande skal ha eit føreseieleg og driftssikkert tilbod som er tilpassa reisebehov og gir mogelegheit til å reise kollektivt i kvardagen. 
  • Konkurranseutsetjinga av båtrutene skal bidra til å nå mål om nullutslepp innan 2030. Målsetting om nullutslepp og eventuelle forskriftskrav skal følgjast opp. Minstekrav til utslepp i kombinasjon med bonusordningar skal bli greidd ut. For å redusere meirkostnadane ved utsleppskutt vil endringar i rutetilbodet også bli vurdert, likevel slik at dette må balanserast opp mot den reisande sine behov. Dette må gjennomførast på ein måte som bidreg til at folk opplever konsekvensane av utsleppskutt som rettferdig. Fylkesutvalet vil understreka viktigheita av at Staten tek meirkostnaden med nullutslepp, slik at rutetilbodet til dei reisande vert oppretthalde og vidareutvikla.

2. I det vidare arbeidet med båtanbodet vert aktuelle kommunar invitert til dialog.

3. Det vert arbeidd vidare med utgreiing av ruteendringar for å tilpasse rutene til reisebehovet og samstundes legge til rette for nullutslepp:

  • Det vert teke utgangspunkt i ei vidareføring av rutetilbodet for båtruta Osterfjorden, Geitanger–Knappskog, turistrute Hardanger, Hellesøy–Lyngøy–Hernar, Espevær–Eidesvik, lokalbåt Austevoll og Reksteren–Våge–Os. Mindre justeringar av rutetilbodet vil bli vurdert for å imøtekome etterspurnad og/eller legge til rette for utsleppskutt. 
  • For Sunnhordlandsruta blir det arbeidd vidare med ei deling av ruta til ei regional rute LeirvikBergen, og ei rute for lokale og interne reiser i Sunnhordlandsbassenget. Målsettinga er å utforme eit heilskapleg rutetilbod som er tilpassa etterspurnaden fram i tid og som gjev fleksibilitet til vidare satsing. Samstundes blir det lagt til rette for større utsleppskutt. Det vert ikkje tilrådd å leggje til anløp på Fitjar. 
  • For båtruta Rosendal–Bergen skal det utgreiast vidare korleis ein gjennom tilpassing av rutetilbodet og val av tekniske løysingar kan oppnå eit tilsvarande rutetilbod som i dag og samstundes få reduksjon av klimagassutslepp. Det vil bli lagt særleg vekt på å vurdere korleis endringane vil påverke kundane sitt reisebehov.

4. For båtrutene Osterfjord, Geitanger–Knappskog og Turistrute Hardanger er det ein føresetnad at medfinansiering frå aktuelle kommunar blir vidareført som i dag.

5. Utlysing av konkurranse for båtrutene Geitanger–Knappskog, Osterfjorden og turistrute Hardanger skal skje tidleg haust 2024. Før kunngjering vert det lagt fram ny politisk sak om konkurransegrunnlaget og forslag til vedtak om mandat for kunngjering og gjennomføring av konkurransen. 

6. Utlysing av konkurranse for Hellesøy–Hernar, Espevær–Eidesvik, lokalbåt Austevoll, og Sunnhordlandsruta skal skje seint haust 2024. Bergen-Rosendal og Reksteren–Våge–Os skal lysast ut før sommaren 2025. Før konkurransane vert kunngjort, skal det bli lagt fram ny politisk sak om 
konkurransegrunnlaget og forslag til vedtak om mandat for kunngjering og gjennomføring av konkurransen. 

7. Tidspunkt for kunngjering av konkurransar skal vurderast i høve statleg finansiering av meirkostnader knytt til nullutslepp.