Vil har info om og av dei styrande

Ungdomen inviterer den politiske leiing til  info-møte. Her frå møte i kommunestyret. (Foto: Stord kommune)

Då medlemene i Stord  Ungdomsråd  (omtalt som UNG)  kom til ymseposten på tampen av sist møte, samla rådet seg om følgjande:

«Politisk kontaktperson for UNG kom med forslag om å invitere alle gruppeleiarar, ordførar og varaordførar inn i eit ungdomsrådsmøte slik at dei skal få presentere seg sjølv og kva deira parti jobbar for i vår kommune. Dette skal me prøva å få til i neste ungdomsrådsmøte, og UNG er einige om at ei slik presentasjonsrunde vil vera med på å senka terskelen for å ta kontakt med politikarar i seinare tid.»