Då offentleg dans va da stora på Stor’en

Chiclets på 70-talet : Frå venstre Åge Ottesen, Olav Skorpen, Per Øystein Kannelønning, Arvid Nilsen og Inge Eriksen (Foto: Privat)

Onsdag (kl.18.00) blir det samling kring «Siste dans» i Museumshallen. Der skal det mimrast i prat mellom musikarane Odd Tollaksvik og Per Øystein Kannelønning og tilskiparane Roald Kaldestad og Endre Olsen og Museet. Stordront-no hentar i den samanheng fram ein stemningsrapport frå Sogelaget sitt sogeskrift 2021:

I Samhald torsdagskveldane, på kafe eller restaurant fredagskveldane, i Turnhallen eller Samfunnshuset eller Fitjartun laurdagskveldane og i Ungdomshallen søndagskveldane. Ein skulle vera i rimeleg god form og vera flink å pussa sko om ein ville hiva seg i den offentlege dansen på øya for slik rundt om lag 50 år sidan.

Gledeleg var det at elegant fotstokking oftast kunne skje til levande musikk, som det så uvisleg heiter. Det var god dansemusikk frå Hogs, Funda, Chiclets, Elektro Sound og Apache, Bambinos og Alfred Man og Fitjargutane Alle med lokale heltar bak instrument og mikrofon. Stundom vart det hyrt inn musikalsk hjelp frå storbyen Bergen. Rythmic six med eige blåsarrekkje var ekstra groove greier. Det gjekk i slow, rock’n roll, shake og twist, eit par tangoar og kanskje ein reinlender. Deltakarane var frå midt i tenåra til oppover på tjuetalet og frammøtet var jamt godt, mellom 200 og 300 innom dørene var vanleg.

Hogs frå venstre: Egil Torp, Torgeir Eidhammer, Kjell Atle Tøkje, Ivar Solberg og Kjell Olav «Kosen» Skaret. (Foto: Privat)

Men offentleg dans rundt 1970 var ikkje berre rytmisk rørsle i lokalet, om noko ville trudd det. Det var mykje meir, særleg den om laurdagen. Då var det start på ettermiddag med buksepress og kanskje ein rask styrt (dusj i nyare tid) med hårvask for å gje plass ein ny kvart tube brylkrem slik at manken vart liggjande som ein slags Leirvik Sveis. Var jobben gjort på beste vis lea ikkje ein hårlokk seg sjølve i den heitast swingen. Det gjorde for så vidt heller ikkje høgtuppert hår hjå partneren. Ikkje uvanleg med kvit skjote og syltynt skinslips på han, og dertent skjørt med vel så derten bluse til på kjæraste – eller den ein satsa på å få følgja til porten der heime når natta melde seg.

Enno ei tid å venta før dørene i Turnhallen og Samfunnshuset opna og musikken starta opp kl 2100. Timane vart brukte til diverse andre førebuingar; – som samling kring ein god vits og andre og meir flytande stemningsskapande smaksprøvar.

Men ein måtte ikkje strekkja det for langt, slik innleiingsvis. «Rusa personar ikkje tilgjenge» stod det nemleg med halvfeit skrift i danse-annonsene i Sunnhordland fredagane. «Ta gjerne med godt humør, men ikkje på flaska» , tipsa Stord NGU som ofte stod for søndagsdansen i Ungdomshallen. NGU var i si tid største laget for den yngre garde i kommunen. Ja, det er heilt sant.

Electro Sound frå Sagvåg: (f.v) Svein Ottesen, Kjell Einar Tverderøy, Heine Kaldefoss, Thor Herbert Hermansen, Kjetil Ottesen og Nils-Åge Ottesen.

Særleg lurt å prøva frakta prosentlesken med seg inn i dansehallen var det heller ikkje. I gangane stod uniformerte politimenn som hadde eit skapt blikk mot vinkelen på slaga på dressjakka. Hadla det for mykje eine vegen, vart det venleg spurt kva som var årsaka – og så fekk eigaren valet om å gå ut att eller levera varene frå seg. I utslagsvasken.

Det kunne nok henda at inntaket før dansebilletane av løyst vart feilvurdert, slik at verknaden kom bardus og kraftig på litt seinare på kvelden. Godt då å få kvila i tung svevn i ein av kinostolane som stod langs veggene. Her kunne politiet koma til oppmuntrande hjelp. Betjenten klappa den kvilande på aksla og sa: – Hadde du planar om å følgje nokon heim i natt, må du henga i, det er berre tre og ein halv dansar igjen.

Også orkestera på scenen var flinke til å kunnegjera når det lakka og lei mot slutt klokka halv eitt. – Ja godtfolk, M no er me inn ei den tredje siste». No er det truleg ein del som hugsar – og kanskje også mange ektepar som vil takka – Chiclets som hadde valt den svenske «trykkaren» «Jag skulle ega milljoner om tåror var guld» som absolutt siste låt for kvelden. Den hadde uendeleg med vers , og var det nett før ein hadde oppnådd nærkontakt, var det mogleg å hinta til vokalisten om å ta berre eitt lite vers til….

 Jo, det var gilde tider.