Kanskje er gamlekaien verneverdig?

Brygga/trekaien blir rekna som ein del av det verneverdige miljøet ved Børtveit kraftstasjon.(Foto: Steinar Hystad)

Som skrive  her på Stordront.no  for litt sidan, er den gamle trekaien ved Børtveit Kraftstasjon i så lite bra tilstand at  eigaren, Sunnhordland Kraftlag, ønskjer riva. Grunngjeven søknad er sendt kommunen, men før eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) seier ja, eller nei, blir det bede om  uttale frå fylkeskommunen og  den kommunale kultureininga.

I utsendt brev  frå RBO står å lesa: 

«Andre eksisterande bygningar på eigedomen  er SEFRAK-registrerte, og kaien/brygga ligg ved Børtveit Kraftstasjon som er omfatta av  Stord kommune sin bygningsvernplan og kulturminneplan. Kommunalt kullturmynde har opplyst at brygga er ein del av det verneverdige  kulturmiljøet i området»

Her eit sitat frå  Kulturminneplanen for Stord:

Planen om å nytta vasskraft for å produsera elektrisk straum til drifta ved Stordø Kisgruber vart realisert under 1. verdskrigen. Arbeidet med Børtveit  kraftstasjon tok til i 1918, og straumen vart skrudd på i 1922. Då vart det i tillegg til kraftstasjonen bygt demning ved Svartavatnet, røyrgate ned til Børtveit og kraftliner frå Børtveit over fjellet til Litlabø».