Imponerande pianosolist og klassisk god oppleving

Kristoffer Steinsvåg, ved flygelet i konsertsalen på Stord Vidaregåande. Han imponerte stort saman med Sunnhordland kammerorkester. (Foto: Steinar Hystad)

Etter å ha imponert eit takksamt publikum stort, med meisterleg  flygelspel og presist samspel med orkesteret, måtte 17 årige Krtistoffer Steinsvåg inn på scenen på Saghaugane fleire gonger for å motta applausen.

Laurdagskvelden var tenåringen frå Bømlo og eleven ved musikklina på Stord Vidaregåande,  solist i Sunnhordland Kammerorkester  sin vårkonsert. Orkesteret hadde sine avdelingar, før samspelet der Steinsvåg var solist  i Mozart sin Pianokonsert no 12 i A-dur. Det vart ei musikkstund å nyta – samstundes som det vart eit innlegg i pågåande debatt om framtida for musikklina ved Stord vidaregåande. I salen var det full overtyding om at lina må få leva. I orkesteret sat også ungdomar og dirigent Lars-Erik ter Jung, viste i introduksjonen til godt samarbeid med både Stord musikkskule og musikklina.  Eit samarbeid som altså gav  eit seriøst lyttande publikum ei god oppleving med klassisk musikk. 

Sunnhordland Kammerorkester under leiing av dirigent Lars-Erik ter Jung. (Foto: Steinar Hystad)