Det kommunale Ungdomsrådet (UNG) i Stord drøfta på møtet torsdag kommuneplanen for skulestruktur og skuleanlegg og innspel til skulekrinsgrenser. Uttalen som blir sendt vidare til kommunestyret har denne ordlyd:
«UNG meinar blant anna at kommunen må ta med seg erfaringar frå tidlegare. Som me kan sjå på skulane som er no, viser det seg at å velja dyrare og betre byggemateriale er gunstig i lengda. Det held betre og treng mindre vedlikehald, noko som er lurt å tenka på når ein skal byggja nytt. Difor meinar UNG at det er lurt å tenka langsiktig, og at dyrare her og no er betre for framtida. Det er òg viktig å tenka energieffektive og berekraftige bygg. Strøm er dyrt, og sidan Stord skal vera ein grøn kommune er det viktig å fokusera på fornybar energi. For å ivareta elevar sitt beste, er det viktig å tenka gode bygg, og gode, fysiske skulemiljø. God luft i klasseromma, at det er god plass i klasseromma, at temperaturen er god og at elevane har gode uteområde. UNG er kritisk til alternativ 2 og 3, då dei meinar det er svært viktig med ein sentrumsskule.»