Komande tysdag, 9. april klokka 19, er det igjen klart for «Puls på livet» i Nysæter kyrkje. Reidar Ådnanes vil samtala med Steven V. Gavshon og Craig Murray. Både Steven og Craig er frå Australia og dei har begge funne seg ei sagvågsjente og busett seg her. Dei vil fortelja om bakgrunnen sin og korleis det er å finna seg til rette her i «Sa´vågen».
Det vert musikkinnslag med den lokale trubaduren Erik Jørgensen, enkel servering og kollekt.