Vårslepp frå  kronhjorten

Blod i festepunktet vitna ferskt gevir på slåttebøen i Litla Brandvikjo.

Gjerne ikkje så ofte å sjå i ope lende, difor måtte det kikkast ekstra når ei gevirstong frå ein krunhjort låg på  slåttebøen tett ved vegen i Litla Brandvikjo på Huglo. Men noko uvanleg syn på denne årstid er  det ikkje, seier grunneigar og  hjortejeger Endre Caldwell til Stordront.no.

– Det er no han’ane slepp hornpryden sin, alltid det venstre geviret først. Straks det er gjort, byrjar nytt veksa ut, og etter godt fire månader er nytt fullvakse gevir på plass. 

– Blir dei brukt til noko?

– Nei, eg kjenner ikkje til nokon tradisjon på det området, men det kan vel tenkjast at kreative personar har funne eit bruksområde for falne gevir. Kanskje det kan lagast knappar, spør Caldwell.  Han reknar  «brukte hjortehorn» som eit vanleg syn i skog og mark på denne tid av året.