Før me gjekk inn i påskehelga, vart det på kontoret til regulering, byggesak og oppmåling (RBO) i Stord Rådhus, gjeve grønt lys for tilbygg til einebustad i Lønningsåsen. Det var sak nummer 119 til behandling på delegasjonsfullmakt, så langt i år. Av andre søknader med ja-svar, den månaden var:
– Mellombels bruksløyve for malarhall for strukturdeler, Eldøyane
– Løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn frå mellombels kontor og overnattingsrigg. Tømmervik
– Ferdigattest, ny terrasse i Myraskogen
– Ferdigattest, nybygg garasje Hornelandsvågen
– Ferdigattest, VA-anlegg Ådlandsvegen
– Løyve, tiltak eitt trinn, uteservering Sagvågsbrekko
– Ferdigattest, nybygg einebustad Holevegen
– Dispensasjon, nybygg driftsbyggning, Litlabøvegen
– Dispensasjon nybygg drivhus. Rommetveitvegen
– Endringsløyve. Brakkeriggar Kjøtteinsvegen